torsdag 16. juni 2011

Med opne sansar mot det heilage


Visst har eg samla meg
ord og bilete
og sluppe ein flokk ungar
ut av ein raud karavelle,
ein mann eg aldri vart kjend med
spelte trekkspel for meg
på gata i ein ukjend by,
så forteljingane hans
fekk eg aldri,
mannen på T-banestasjonen
i New York hadde sår
på begge føtene
og ropte
at verdas ende var nær,
då t-banebilletten min
ikkje virka lenger
og eg var aleine med han
i ein eim av støv og alkohol.
Og sjeldan har eg vore gladare
enn då eg gjekk langs strendene
på Iona og såg utover havet
medan tonane ljoma
frå klosterkyrkja,
nærast Gud
var eg kan henda
ein sommarkveld i Seljord
i alle fall
kjendest det slik då eg var der.
Men alltid ein stad
blir det dekka langbord
under sommarhimmelen
med markblomar i vase
og plass til fleire
alltid i ei eller anna kyrkje
sit nokon fordjupa
i bøn og lovsong
med utydelege konturar
til verda
med opne sansar
mot det heilage.

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar