torsdag 23. juni 2011

Den lysaste natta i året



Den lysaste natta i året
skal eg vaka
for alle gode tings skuld,

for kattepotar og timian
for marehalm og anger
for fuglevenger
mot lys natthimmel
for tårer,
for bølgeskum
og barnehender

skal eg venta
frå sola
sig stor og raud i havet
til ho står opp att
for alle håp,

skal eg plukka sju slag blomar
og gje dei i vatn
skal eg be til Gud
og til alle englane
for all god vilje
og for mor vår, jorda.

Heidi

mandag 20. juni 2011

Kjærlighet fra Gud


Kjærlighet fra Gud
springer like ut
frå kulpane
og einerkratta
frå kulpane og jettgrytene
frå skuringsstripene
frå tiriltungene
som en kilde klar og ren.
Han går i eitt med svaberga
og er i måkane
som ligg lågt over havet
der livet pulserer taktfast,
i dens stille bunn,
i dens dype grunn.
Strandnellikane vippar med hovuda
og klarer seg med lite
bare tærne er festa
i bergsprekkene.
Der smørblomane lyser som soler
mot sommaren
finnes livets edelsten.

Heidi

Kveldsregnet kjem kjærleg på tå


Kveldsregnet kjem kjærleg på tå
før du har fått tid å tenka tanken
kjem det
mjukt under regnbogeparaplyen,
under den vennlege kveldssola.
Kjem og vil lukka døra bak dagen,
vil opna opp for natta,
natta med det milde lyset
og dei ettertenksome skuggane
over dei kvite nyperosene.
Kveldsregnet kjem forsiktig
for å gjera det det må.
Kanskje det hugsar å slippa ut katten.

Heidi

Under ei symjande makrellsky


Duken på bordet
markblomar i glaset,
fuglevikke, storknebb,
lysande gule tilriltunger,
og raudare kløver enn nokon gong.
Dei første myggande
under ei symjande makrellsky
på veg over himmelen,
medan glupske måkar
lengter etter å få velta
vinglasa
og stikka lange grådige nebb
i fløytemugga,
før dei truleg vil kvittera
med måkeskit på det grå ullteppet.

Heidi

Kvinnene blir eitt med svaberga


Kvinnene blir eitt med svaberga
fyllar alle holroma i fjellet
med mjuke runde kurver
blir rosa og grå
som fjellet
med ryggen mot varm stein,
medan lyset kjærteiknar
lukka auge og runde bryst,
medan sola gir varme
til gamle draumar
og nye håp
mellom tiriltunge
og strandnellikar
der pulsen til havet
er dei enaste merkbare hjarteslaga.

Heidi

torsdag 16. juni 2011

For framleis


For framleis
skal alt skje deg,
du skal somna på bussen
med jamne mellomrom,
sjå sola skjera
seg gjennom skoddeteppet
og opna himmelen.
Framleis skal du smila
stivt til fotografane,
og knela i ei klosterkyrkje
kvar gong du får sjansen.
Alltid skal nokon
venta på deg med brød og vin.
Framleis skal det finnast syklar,
og gatemusikantane skal stå der
med klarinettar og kontrabassar.
Framleis skal svanene fly
med lange framstrekte halsar
over islagde vatn.
Femtenåringar skal smila til deg
med augene litt for hardt sminka.
Framleis
skal det finnast barn
med mjuke kinn
og sterke viljer.
Det finst alltid
ei lita einsleg dame på bussen,
ein dag er det kanskje deg.
For du skal sitja
trufast i havkanten
ei natt i juni
og venta på nye soloppgangar.

Heidi

Med opne sansar mot det heilage


Visst har eg samla meg
ord og bilete
og sluppe ein flokk ungar
ut av ein raud karavelle,
ein mann eg aldri vart kjend med
spelte trekkspel for meg
på gata i ein ukjend by,
så forteljingane hans
fekk eg aldri,
mannen på T-banestasjonen
i New York hadde sår
på begge føtene
og ropte
at verdas ende var nær,
då t-banebilletten min
ikkje virka lenger
og eg var aleine med han
i ein eim av støv og alkohol.
Og sjeldan har eg vore gladare
enn då eg gjekk langs strendene
på Iona og såg utover havet
medan tonane ljoma
frå klosterkyrkja,
nærast Gud
var eg kan henda
ein sommarkveld i Seljord
i alle fall
kjendest det slik då eg var der.
Men alltid ein stad
blir det dekka langbord
under sommarhimmelen
med markblomar i vase
og plass til fleire
alltid i ei eller anna kyrkje
sit nokon fordjupa
i bøn og lovsong
med utydelege konturar
til verda
med opne sansar
mot det heilage.

Heidi

Sånn omtrent overalt


Visst har eg vore
sånn omtrent overalt
med tida mi i hendene.
På biltur gjennom ørkenen,
på varme steinar,
i tusen ulike skogholt
eller på sammenleggbare stolar
med kaffikruset
varmt mot henden mine,
sett parasollar veksa
som ville blomar
på glødande sandstrender,
og sote på utalege møte
der orda har svirra
og toppen av kulepennen
har flisa seg mot tennene mine.
Visst har eg plukka jordbær
og studert dei små grøne prikkane
Ftterst på skalet.
fire gonger
har eg med varme auge
sett barna mine vakla
dei første stega over golvet.
Eg har fått brød og vin
av klovnar i ein sirkusmanesje,
og sett menn sykla nakne
gjennom San Franscisco.
Eg har dansa i Afrika
til tromminga
frå eit barn utan ord,
og kjend lukta
av bål og mjølk
frå ein masai
med spyd og mobltelefon,
som eg vart klemt inntil
på ein overfylt buss
der babyar sov
knytta godt fast
til sterke kvinneryggar,
og tend bål om natta
på Orrestranda
og sunge til morgonlyset vakna
Eg har trilla barnevogner
lenger enn dei fleste
og sykla
på gamle syklar
i motvind over Jæren.
Men mett er eg ikkje
bare klorer meg fast
med opne hender
som aldri heilt
kan fyllast.
Kva er det for ein merkeleg tanke
at tida skal vera forgjengeleg?

Heidi

onsdag 15. juni 2011

Ei bøn om å gripa lyset


Medan sekunda mine tikkar mot æva
syng det ein fugl i hagen min.
Eg opnar døra mi mot sommaren
og held fast på perla eg fann i åkeren.
Me er av dei som høyrar
og ikkje skjønar,
av dei som ser
og ikkje skjelnar,
men du som har øyre å høyra med, høyr.

For dagane er fleirfarga og florlette,
alvorlege og tunge.
Eg kneler i det høge graset
medan ein katt går forbi
på mjuke potar
med løfta hale.

Eg kneler
med ei bøn om nåde
til å gripa lyset,
til å bera det som ei eldkule i hendene mine.

Så tek eg timane ned frå klessnora
og set i gang med det store arbeidet
å bretta dei slik at dei får plass i skapet.

Heidi

Det finst alltid nokon


Det finst alltid nokon
som pyntar seg med slips
ein vanleg onsdag
som smører peanøttsmøret
i tjukke lag
over det nybakte brødet sitt.
Det finst alltid eit langbord
der nokon har nok tid
til å sitja ute i sola.
Barndomen er framleis
ikkje heilt forbi,
du skal koma til å finna han att
i glimt mellom klinkekuler og hoppetau,
mellom glansbilete og knappar i lomma di.
For framleis skal du stundom
kikka ned på livet
med dei store vidopne auga
til eit barn som ser for første gongen.
Framleis skal du kjenna livet kribla
og sjå fargespelet
i store blå libellar
i flyktig leik over vatna.

Ver vengene mine


Ver vengene mine, Gud
ver røtene mine i jorda
så eg kan våga
å la livet by meg opp til tango.
Våga dei mørke trådane
som skal vevast inn i livsveven min,
mellom dei lyse og solfarga
våga å dansa
når trommene riv i pulsen min.

Det finst alltid ein balkong i livet
med utsikt over dagane.
Det finst alltid ein haug i landskapet
som let deg sjå milevidt over steingardane.

Heidi

I live under ein svart paraply


Grå og grøne junidagar
gufs frå kalde havstraumar
regn som kjem sidelengs
i fylgje med vinden.
Søvnig livsvilje
som ikkje har tenkt å gi opp,
og ein malande katt mellom linjene.
Langs vegane blømer det.
Knappurt, bittekonvallar og tirlitunge,
blåklokkene vippar takta
med utsikt til høghuset
og framleis får me gå her i regnet
i live under ein svart paraply.
For dagane finst.
Ei svale flyg lågt,
varslar endå meir regn,
medan myrulla tappert vifter
med tunge våte duskar.

Heidi

La heller katten mala


La heller katten mala
la han leggja det lette
mjuke hovudet sitt
mot handa di
medan han malande
lærer deg noko
om å ta i mot,
om å la sekunda koma
om å la minutta gå.
Etterpå kan du
snika deg ut
som ein tjuv om natta
for å stela deg ei handfull liv
og ei korg morellar.
Det er masse tid igjen
framleis kan du fylla ho
med ord og pust og skogsfiolar
med spindelvev og blomsterfrø,
med dei mjuke stega
frå ein katt.

Heidi

Det er bare bjørka


Det er bare bjørka
som viftar med grøne blad,
det er bare bøketrea.
Det er bare vipene,
bare måkane og rødstrupene
som syng utan atterhald.

Som ein sitronsommarfugl
skal eg la forvandlinga koma
før eg sprengjer meg veg
gjennom kokongen,
ristar dei fuktige vengene
og let det stå til.

Så strekkjer eg vengene mine
legg alt eg ikkje treng
igjen på bakken
flyg med lette venger
mot lyset
og speglar meg i det heilage.

For dagane er lette,
lette somfjører og timian.
Snart skal fullmånen stiga
kvit og lysande over vatnet.

Med føter lettare enn kattelabbar
med fløyter og sår jubel
mot alt som koma skal.

Det er i desse dagane
kjempekonvallen
melankolsk bøyer armane
mot skogsstien
let hendene vera fulle,
tunge av venting,
og mørke av aksept
for det som koma skal.

Nølande går me
einannan i møte
med livet i hendene,
med tankane som strålekrans
rundt ansikta våre.

Heidi

Det er på høg tid



Når kirsebærtreet blømer
og dei første sitronsommarfuglane
sviv planlaust
over skogsstjerner og kvitveis
over skogsfiolar og hestehov
kjem tida
og stillar seg i kø
med utstrekte hender.
Her er me, seier ho
til alle myggane
til dei nyfødde lamma
som svingar med halane sine
til linerla
som vippar forventningsfullt med stjerten.
Nå er tida inne, seier ho,
tida for å svermarar og melankolikarar
tida for alle med høg puls
og venger bak på skorne sine.
Skyene legg seg
lette og flørtande over Frøylandsvatnet
og havskodda ventar langt
der ute.
Svarttrostene bare står der
med det gule nebbet sitt
og dei lysande gule auga.
Det er på høg tid seier han,
på høg tid for dei som vil leva
å kasta seg ut i dansen.

Heidi Strand Harboe