søndag 10. juli 2011

Denne fjørlette tida

Ho står der i skogen
i sommarkjole,
speglar seg drøymande
i lengt og melankoli
tonesett
avmåkar og viper.

Det er denne fjørlette
tida nå
lett som lukt av vill timian
lett som slag av insektvenger.

Som ein sitronsommarfugl
kjenner ho
forvandlinga koma,

sprengjer seg veg
gjennom kokongen,
ristar dei fuktige vengene
og let det stå til.

Heidi

Årsoppgjer

Det finst
liv
og død.

Det finst
strender
og horisontar.

Det finst
bagatellar.

Heidi

Sterke nok

Me drikk
dagar med blondekant.
Det blonde kveldslyset
løftar
og held oss på jorda.
Alt det andre
handterer me
bit for bit,
me er sterke nok nå.


Heidi

torsdag 23. juni 2011

Den lysaste natta i året



Den lysaste natta i året
skal eg vaka
for alle gode tings skuld,

for kattepotar og timian
for marehalm og anger
for fuglevenger
mot lys natthimmel
for tårer,
for bølgeskum
og barnehender

skal eg venta
frå sola
sig stor og raud i havet
til ho står opp att
for alle håp,

skal eg plukka sju slag blomar
og gje dei i vatn
skal eg be til Gud
og til alle englane
for all god vilje
og for mor vår, jorda.

Heidi

mandag 20. juni 2011

Kjærlighet fra Gud


Kjærlighet fra Gud
springer like ut
frå kulpane
og einerkratta
frå kulpane og jettgrytene
frå skuringsstripene
frå tiriltungene
som en kilde klar og ren.
Han går i eitt med svaberga
og er i måkane
som ligg lågt over havet
der livet pulserer taktfast,
i dens stille bunn,
i dens dype grunn.
Strandnellikane vippar med hovuda
og klarer seg med lite
bare tærne er festa
i bergsprekkene.
Der smørblomane lyser som soler
mot sommaren
finnes livets edelsten.

Heidi

Kveldsregnet kjem kjærleg på tå


Kveldsregnet kjem kjærleg på tå
før du har fått tid å tenka tanken
kjem det
mjukt under regnbogeparaplyen,
under den vennlege kveldssola.
Kjem og vil lukka døra bak dagen,
vil opna opp for natta,
natta med det milde lyset
og dei ettertenksome skuggane
over dei kvite nyperosene.
Kveldsregnet kjem forsiktig
for å gjera det det må.
Kanskje det hugsar å slippa ut katten.

Heidi

Under ei symjande makrellsky


Duken på bordet
markblomar i glaset,
fuglevikke, storknebb,
lysande gule tilriltunger,
og raudare kløver enn nokon gong.
Dei første myggande
under ei symjande makrellsky
på veg over himmelen,
medan glupske måkar
lengter etter å få velta
vinglasa
og stikka lange grådige nebb
i fløytemugga,
før dei truleg vil kvittera
med måkeskit på det grå ullteppet.

Heidi