torsdag 23. juni 2011

Den lysaste natta i året



Den lysaste natta i året
skal eg vaka
for alle gode tings skuld,

for kattepotar og timian
for marehalm og anger
for fuglevenger
mot lys natthimmel
for tårer,
for bølgeskum
og barnehender

skal eg venta
frå sola
sig stor og raud i havet
til ho står opp att
for alle håp,

skal eg plukka sju slag blomar
og gje dei i vatn
skal eg be til Gud
og til alle englane
for all god vilje
og for mor vår, jorda.

Heidi

mandag 20. juni 2011

Kjærlighet fra Gud


Kjærlighet fra Gud
springer like ut
frå kulpane
og einerkratta
frå kulpane og jettgrytene
frå skuringsstripene
frå tiriltungene
som en kilde klar og ren.
Han går i eitt med svaberga
og er i måkane
som ligg lågt over havet
der livet pulserer taktfast,
i dens stille bunn,
i dens dype grunn.
Strandnellikane vippar med hovuda
og klarer seg med lite
bare tærne er festa
i bergsprekkene.
Der smørblomane lyser som soler
mot sommaren
finnes livets edelsten.

Heidi

Kveldsregnet kjem kjærleg på tå


Kveldsregnet kjem kjærleg på tå
før du har fått tid å tenka tanken
kjem det
mjukt under regnbogeparaplyen,
under den vennlege kveldssola.
Kjem og vil lukka døra bak dagen,
vil opna opp for natta,
natta med det milde lyset
og dei ettertenksome skuggane
over dei kvite nyperosene.
Kveldsregnet kjem forsiktig
for å gjera det det må.
Kanskje det hugsar å slippa ut katten.

Heidi

Under ei symjande makrellsky


Duken på bordet
markblomar i glaset,
fuglevikke, storknebb,
lysande gule tilriltunger,
og raudare kløver enn nokon gong.
Dei første myggande
under ei symjande makrellsky
på veg over himmelen,
medan glupske måkar
lengter etter å få velta
vinglasa
og stikka lange grådige nebb
i fløytemugga,
før dei truleg vil kvittera
med måkeskit på det grå ullteppet.

Heidi

Kvinnene blir eitt med svaberga


Kvinnene blir eitt med svaberga
fyllar alle holroma i fjellet
med mjuke runde kurver
blir rosa og grå
som fjellet
med ryggen mot varm stein,
medan lyset kjærteiknar
lukka auge og runde bryst,
medan sola gir varme
til gamle draumar
og nye håp
mellom tiriltunge
og strandnellikar
der pulsen til havet
er dei enaste merkbare hjarteslaga.

Heidi

torsdag 16. juni 2011

For framleis


For framleis
skal alt skje deg,
du skal somna på bussen
med jamne mellomrom,
sjå sola skjera
seg gjennom skoddeteppet
og opna himmelen.
Framleis skal du smila
stivt til fotografane,
og knela i ei klosterkyrkje
kvar gong du får sjansen.
Alltid skal nokon
venta på deg med brød og vin.
Framleis skal det finnast syklar,
og gatemusikantane skal stå der
med klarinettar og kontrabassar.
Framleis skal svanene fly
med lange framstrekte halsar
over islagde vatn.
Femtenåringar skal smila til deg
med augene litt for hardt sminka.
Framleis
skal det finnast barn
med mjuke kinn
og sterke viljer.
Det finst alltid
ei lita einsleg dame på bussen,
ein dag er det kanskje deg.
For du skal sitja
trufast i havkanten
ei natt i juni
og venta på nye soloppgangar.

Heidi

Med opne sansar mot det heilage


Visst har eg samla meg
ord og bilete
og sluppe ein flokk ungar
ut av ein raud karavelle,
ein mann eg aldri vart kjend med
spelte trekkspel for meg
på gata i ein ukjend by,
så forteljingane hans
fekk eg aldri,
mannen på T-banestasjonen
i New York hadde sår
på begge føtene
og ropte
at verdas ende var nær,
då t-banebilletten min
ikkje virka lenger
og eg var aleine med han
i ein eim av støv og alkohol.
Og sjeldan har eg vore gladare
enn då eg gjekk langs strendene
på Iona og såg utover havet
medan tonane ljoma
frå klosterkyrkja,
nærast Gud
var eg kan henda
ein sommarkveld i Seljord
i alle fall
kjendest det slik då eg var der.
Men alltid ein stad
blir det dekka langbord
under sommarhimmelen
med markblomar i vase
og plass til fleire
alltid i ei eller anna kyrkje
sit nokon fordjupa
i bøn og lovsong
med utydelege konturar
til verda
med opne sansar
mot det heilage.

Heidi